Trefte publikum med fiskeri- og kysthistorie

Bibliotekleiar i Ulstein, Jørn Hjørungnes, professor Arnljot Løseth, leiar i Ulstein Sogelag John Osnes, seniorrådgjevar Bjørn Gunnar Tafjord og professor Atle Døssland.  Foto: Høgskulen i Volda.

Nyheiter

Historieprofessorane Atle Døssland og Arnljot Løseth møtte stor interesse då dei gjesta folkebiblioteka i Ulstein og Giske med foredrag knytt til Norges fiskeri- og kysthistorie.

Det skriv Per Straume på Høgskulen i Volda sine nettsider.

I 2014 kom storverket Norges fiskeri- og kysthistorie ut i fem tjukke bind. Det er første gong det er blitt gjeve ut ei samla framstilling om denne svært viktige næringa her i landet, inkludert korleis ho sette preg på samfunna langs den lange norske kysten. Ansvaret for desse binda vart delt mellom fagmiljøa ved universiteta i Bergen, Nordland (Bodø), Tromsø og Høgskulen i Volda.

Historieprofessorane Atle Døssland og Arnljot Løseth skreiv storparten av bind II.

Atle Døssland heldt foredrag om 1700-talet. Ei hovudsak var forteljinga om kvifor og korleis kjøpmenn langs store delar av kysten endra strategiar. Dei gjekk frå ei nokså stillesittande rolle som mottakarar av fiskeleveransar, til aktive og oppsøkande roller. Dei organiserte også meir av sjølve tileverkinga – særleg når det galdt dei nye og meir kapitalkrevjande produkta, som til dømes klippfisken. Kjøpmennene var på mange måtar drivhjula i den ekspansjonen som fann stad på 1700-talet.

Arnljot Løseth fortalde om 1800-talet - om ein ny og eventyrleg ekspansjon i klippfisk- og sildeeksporten og jamvel eit begynnande permanent bank- og havfiske. Denne ekspansjonen fekk klare følgjer for kystsamfunna: etablering av byar og tettstader, flytting frå fjord til kyst og frå sør til nord og danning av eit «nytt» handelsborgarskap.

Tematikken i begge foredraga galdt heile landet. Likevel fekk avgjerande hendingar i vårt eige fylke særleg fokus.