"Det sokneprest Moltubak og soknerådet no legg opp til, er ei støtteerklæring til fritt seksualliv"

Det blir regnbogemesse i Ørsta kyrkje under Bygdepride, og det vekkjer reaksjonar.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Kva er ei regnbogemesse, pride eller rosa kompetanse? Fleire reiser dette spørsmålet i desse dagar, også eg. Dette må vere gode greier skal ein tru reportasjen i Møre-Nytt 7.februar.


Kyrkja sentral i årets Bygdepride

Skal ha regnbogemesse i Ørsta kyrkje

– Det er viktig å inkludere fleire i det rommet som ei gudsteneste er, seier sokneprest Arne Moltubak i Ørsta.


Sokneprest Moltubak, Gudny Fagerhol og prost Matre fortel rørt at no skal kyrkja fyllast frå 7. mai og utover. Ein ny, åndeleg vår for Ørsta!?


Eg har gått til andre kjelder, og dette er det eg har funne ut.

Sentralt i pride arrangementa står foreininga FRI. FRI er foreinga for kjønns- og seksualmangfald. Tidl. LHTB. Ca. 3300 medl på landsbasis.

Leiar i FRI frå 2016, Ingvild Endestad fortalde om programmet til FRI i eit intervju i Dagen for ei tid tilbake: «Vi mener at alle voksne mennesker skal kunne gå inn i alle de relasjoner de ønsker, uavhengig om det er ekteskap eller ikke. Vi må åpne opp de trange normene og det må være opp til hver enkelt hva de velger.

Alle samlivsformer har lik verdi, og vår vedtatte politikk er at det verken er antall personer eller kjønn som skal avgjøre hva slags verdi samlivsformen har.»

Det sokneprest Moltubak og soknerådet no legg opp til, er ei støtteerklæring til fritt seksualliv som gjeld lesbiske, homofile, bifile, trans og polygami.

Polygami og polyandri er gruppeekteskap, minst to av kvart kjønn, Polygami,fleirkoneri, er kjent frå islam.Rik mann kan skaffe seg inntil 4 koner. Aukande problem i i Norge, jmfr Vårt land 3.6.16 og Morgenbl. 7.8.18.

Mange innan kyrkje og kristne organisasjonar har reagert sterkt mot denne nye ideologien. Leiar for organisasjonen Mor,far,barn, Øyvind Benestad .:«Det en får inn bakdøra ved rosa kompetanse er en helt ny etikk som kirken aldri har stått for. Med FRI følger en omfattende ideologisk pakke som mange i kirken er naive til. FRIs mål er å demontere den klassiske tenkingen rundt kjønn, seksualitet, familie, barn og ekteskap.»

I tillegg til dette vil eg nemne eit nytt , stort problem som fylgjer med denne «pakken». Presset om kjønnsskifte, eller kjønnskorrigering som det no skal heite.

Dette har ført til mange tragediar, også til sjølvmord.

Så er nok dette meir innfløkt enn det såg ut til i starten. Har sokneprest og sokneråd full oversikt over det dei legg opp til, eller er dei av dei naive som Benestad nemner?

Eg har vanskeleg for å forstå kva fri sex og polygami har med kyrkja sin etikk og lære å gjere.

Etter mange år i skulen, kjenner eg bra kva verdigrunnlag skulen skal bygge på. Eg må no konstatere at kyrkja i Ørsta legg seg på kollisjonskurs med skulen om dette står ved lag. Eg vil oppmode soknerådet om å ta ei grundigare vurdering av dette.

Når det gjeld kjelder: Kjell Skartveit: Samlivsrevolusjonen.

Kåre Reidar Gjengedal