Budde seg på overfløymd kjellar

Inge Krumsvik budde seg på å få kjellaren oversvømt ved 22:45 tida måndag  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Det ser ikkje ut til at det har vore rekordflo natt til tysdag nord om Stad, men vasstanden var likevel svært høg då floda var på det høgste om lag 00.20.

Og sør om Stad har det vore rekord nokre stader, slik som i Måløy. Måløy slo rekorden frå 1993, då vatnet steig 287 centimeter over sjøkartnull natt til tysdag.

Ved 22:45 tida måndag kveld var Inge Krumsvik i Volda klar for ei lang natt som "flaumvakt". Han eig eit lokale i Volda sentrum, og han rekna med å få vatn inn i kjellaren.

– Det kjem nok til å stå eit godt stykke opp på veggen her, sa Krumsvik

Vatnet hadde akkurat byrja å sive inn klokka 2245.

– Det er enno ein og ein halv time til full flod, og det kjem til å stige ein god del meir. Og eg rekner med å vere her til i alle fall klokka to, sa Krumsvik.

Stormflo i Volda.  Foto: Svein Aam

Men han var godt budd.

– Eg har kjøpt meg ny pumpe, og den er klar.

Vatnet kom inn i kjellaren også for nokre veker sidan, men Krumsvik meiner det låg an til høgare vatn natt til tysdag, og kanskje også på dagtid tysdag.