Utdanningsprogrammet som nesten forsvann

– Etter vidaregåande vil eg halde fram med kunst, kanskje bli klesdesignar eller designe karakterar i spel

Det nye Kunst, design og arkitektur-studiet for elevar ved Volda vgs. hadde nyleg sett dagens lys då fylkeskommunen ville legge det ned. Så endra dei meining.

Kreativt miljø: Birgithe Kristine Runde målar ein sopp i pappmasjé, medan medelevar slår av ein prat. Alle foto: Oddhild Harman 

Det er skikkeleg gøy å vere elev ved KDA. Eg har fått fleire vener og har blitt meir open og utadvent

Ylva Homlomng
Nyheiter

Det var i fjor haust at trusselen om nedlegging vart ein realitet for mange kreative utdanningsprogram rundt om i fylket. For den eitt år gamle studieførebuande linja Kunst, design og arkitektur (KDA) kom åtvaringa som eit sjokk.