Sivert Aarflot Eikrem (24) vart rørleggar gjennom jobben

– Det er andre måtar å kome seg opp og fram enn å måtte ta høgare utdanning

– Eg er nøgd der eg er komen no, og er glad for at livet mitt vart slik det vart, seier Sivert Aarflot Eikrem.

På jobb: Eikrem vil få fram kor stort og spanande røyrleggarfaget er. Her på jobb. 

Nyheiter

For sju år sidan stod Sivert Aarflot Eikrem (24) og feia støv på golvet hos Brændes Rørleggerforretning i Volda. Fem år seinare, med eit sveinebrev i handa, ein familie på tre og ein bustad i Mosmarka, er han framleis i same bedrift, men no som røyrleggar. Den inspirerande historia starta i slutten av november 2013.