Nok eit skilthærverk i Webjørn Svendsens gate

Hærverk på skilt i Ørsta sentrum, Alti, Webjørn Svendsen-gata  Foto: Privat

Nyheiter

Ein mann i 20-åra vert meldt for å ha saga ned eit av forbodsskilta i Webjørn Svendsens gate i natt. Mannen skal ha brukt vinkelslipar til ugjerninga, og når han fekk skiltet ned, kasta han det utfor kaihuskaia.