Krev å få dei gamle bussrutene tilbake

Bussar på Vartdal.  Foto: Joachim Aasebø

Nyheiter

Folk på strekninga frå Bjørkedalen til Vanylven har fått vesentleg dårlegare busstilbod etter nyttår, og i ein høyringsuttale krev grendelagsleiarane på Rovde, Lauvstad/Velsvik og Dravlaus- og Innselsetbygda, Rolf Dyb, Arne Torvik og Jorunn Beate Lillebø Lande at gamlerutene vert gjeninnført.

-Vi vil innleiingsvis påpeike at innføring av nye rutetabellar gjeldande frå 1.1.2020 på sambanda 10 Volda-Folkestad, 11 Festøya–Solavågen og 08 Volda-Lauvstad, har allereie ført til ein vesentleg reduksjon i høve rutetilbod for buss for innbyggjarane på Vestsida av Dalsfjorden og Vanylven. Dette gjeld særskilt rute 08 sin korrespondanse med FRAM express retning nordover, dette er eit viktig rutetilbod for innbyggjarane i forhold til Åse sjukehus, endra rutetabellar gjer no til at ein må vente i 50 minutt i Volda på buss. Forstår det også slik at rutebussar som tidlegare har gått via Folkestad no køyrer Kvivsvegen, skriv grendelagsleiarane.

Samla sett gjer dette til at rutetilbodet for buss allereie er vesentleg redusert for brukarar heimehøyrande Bjørkedal-Folkestad-Dalsfjorden-Vanylven. For vår del er det vanskeleg å sjå kva postive ringverknadar omtalte endra rutetabellar for ferje har ført til. Vi ser poenget med å kunne køyre samanhengande på E39, men når buss som følgje av endra rutetider på VoldaFolkestad vert leia utanom riksvegsambandet så må vel det vere eit kraftig signal om at rutetabellen ikkje løyser det den skal.

Dei meiner at ein på Søre Sunnmøre bør ha fokus på god korrespondanse nordover for å kome seg til timeavtalar på Ålesund- og Molde sjukehus og vidare til St. Olavs. Lokalt er busskorrespondanse mot nærsjukehuset i Volda viktig.

Grendelagsleiarane håper at politikarane i både Volda og Vanylven ser alvoret i situasjonen og gjer det dei kan for å betre tilbodet.