Terningkast fem for eldreomsorga i Ørsta

Ikkje noko å seie på stemninga når Anne Yksnøy dreg i gang treningane på Ørstaheimen. Frå venstre Trude Flø Johnsen, Ivar Arne Vartdal, Anne Yksnøy, Pål Langstøyl, Trude Vattøy, Guro Osborg Kvammen og Dagrun Opsal. Arkivfoto frå september 2019.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Brukarane av eldreomsorga i Ørsta er godt nøgde, viser ei spørjegransking mellom pårørande og bebuarar på institusjonane.

På ein skala frå ein til seks fekk den heimebaserte omsorga 5,1. Landssnittet er 5.

Sjukeheimsbuarane er dei mest nøgde, med 5,3 poeng. Dei pårørande til dei som bur på sjukeheim gir karakteren 4,8.

– Dette er fjerde året på rad desse undersøkingane vart gjennomført, og det var god respons frå både brukarar og pårørande, skriv Ørsta kommune på sine heimesider.