Startar planlegging av Dalsfjordbru

Bru her i staden for ferje? Planarbeidet har starta.  Foto: Svein Aam

Lokalisering av planområde for kryssing av Dalsfjorden  Foto: Norgeskart.no

Nyheiter

Først bru Volda- Folkestad. Så bru Lauvstad- Volda. Det er draumen til poltikarane i Volda kommune. Det er nok nokre år opp og fram, men no startar planarbeidet.

- Kommunen varslar oppstart av arbeidet med kommunedelplan for Dalsfjord-kryssing. Forslag til planprogram vert lagt ut til offentleg ettersyn, skriv Volda kommune på sine heimesider.

Det er lagt fram forslag om flytebru, med sluse for skipstrafikk.

- Prosjektet heng tett saman med prosjektet «Voldsfjordkryssing», og har som mål å knytte vestsida av Volda kommune samen med resten av kommunen ferjefritt, skriv Volda kommune.

Det er foreslått to alternativ til kryssing over Dalsfjorden.

Begge har landfeste på Nautvikneset i aust, medan alternativ 1 har landfeste på Skrubbeneset i vest og det andre alternativet har landfeste på Kvanngardsneset.