Fin start på året for Bygg1 Produkter

Kåra til årets leverandør

Glade prisvinnarar, f.v.: Egil Skar, Thomas Istad, Baard Ludviksen, Jan Runar Holsvik, Kristian Storelv, Einar Mørland (MG), Tonje Throndsen (MG), Kjetil Gjertsen, Kristian Ose Silseth  Foto: XL BYGG

Nyheiter

Bygg1 Produkter AS på Rystelandet i Ørsta er kåra til årets leverandør 2019 av medlemmene i byggevarekjeda XL-BYGG. Kåringa skjedde på Lillestrøm.

I tillegg vart Bygg1 også røysta fram til topp tre hos byggevarekjeda Byggtorget.

I grunngjevinga står det at Ørstafirmaet har både stor leveringsdyktigheit, er fagleg sterke, har gode produkt, - og at dei er smidige når det gjeld reklamasjonar.

XL-BYGG er Skandinavias største byggevarekjede med butikkar i Noreg, Sverige og Danmark. Her til lands er det over nitti butikkar.

Dette er tredje gong Bygg1 har vunne denne kåringa i XL-BYGG. Det skjedde sist i 2018, og før det i 2011.

Det er stor konkurranse, så det er kjekt at vi hevdar oss så godt i konkurranse med meir kjende og store merkevarer, seier marknadssjef Kristian Ose Silseth.

- Byggevarebransjen er stadig i endring og vi må fortløpande utvikle og oppdatere produktspekteret, for å stå fram som attraktiv for marknaden. Godt samspel med kundane våre og kjeda sentralt, samt god logistikk og service er heilt avgjerande for å lykkast. Slik heider er inspirerande for alle som jobbar i bedrifta. Det er prov på at vi gjer noko rett og vi kjem til å jobbe hardt for å halde vår posisjon vidare, legg han til.