Får talentpris for Ørsta-stol

Jon Fauske får DOGA-merket Nykommer onsdag for Fora Form-stolen Knekk.   Foto: Fire Grader

Nyheiter

– Stolen til Fora Form er eit velkome tilskot til kontormøbelmarknaden. Dei fleste møbla som står rundt omkring på norske arbeidsplassar passar dårleg til dagens arbeidsformer. Vi treng fleire møblar som aktiviserer oss og oppmuntrar til samarbeid, seier Tor Inge Hjemdal, administrerande direktør i Design og arkitektur Norge (DOGA), i ei pressemelding.

Onsdag får Jon Fauske DOGA-merket Nykommer. I samband med ei studentkonkurranse i regi av Fora Form har Fauske designa kontorstolen Knekk. Oppgåva som studentane ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo fekk var å tolke Fora Form-slagordet «Der menneske møtes». Stolen som Fauske står bak har blitt sett i produksjon.

– Produktet er spesielt laga for kreative prosessar, ved å stimulere brukaren til å vere aktiv og frampå. Sitteplata er delt i to. Den eine stolplata skrår nedover og passar derfor til korte idémøte, mens den andre plata lar brukaren kvile. Fora Form var såpass imponert over resultatet at dei valde å sette Knekk i produksjon i samband med sitt 90-årsjubileum, heiter det i pressemeldinga.

Juryen for Nykommer-prisen under DOGA-dagen var imponert over resultatet.

– Det er også eit vakkert produkt, der stol og bord kler kvarandre, og står fram som inviterande og aktiviserande. At stolane er laget i heiltre og kan stables, berre understøtter juryen sitt positive inntrykk av ein svært solid jobb