Volda flinkast i integrering

Volda på topp i Møre og Romsdal. Ørsta under snittet.

Volda kan vise til gode til når det gjeld integrering av flyktningar.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har lagt fram oppdatert statistikk som viser korleis kommunane har lukkast med å få flyktningar over i utdanning eller arbeid etter at det obligatoriske introduksjonsprogrammet er avslutta.

I Møre og Romsdal under eitt var 65 prosent-altså to av tre– i arbeid eller utdanning eitt år etter avslutta program. Dersom ein berre reknar med kommunar som hadde meir enn ti flyktningar i instruksjonsprogram er Volda best i Møre og Romsdal med 71 prosent måloppnåing.

Volda er dermed den eine av to kommunar i fylket som innfrir regjeringa sitt mål om minst 70 prosent.

I Ørsta var 55 prosent av flyktningane i arbeid eller utdanning eitt år etter det obligatoriske introduksjonsprogrammet.

Tala baserer seg på resultata frå 2018, for flyktningar som tok introduksjonsprogram i 2017.

-Mange kommunar gjer eit godt arbeid for å kvalifisere flyktningar for arbeid eller utdanning, men skilnaden mellom kommunane er framleis for store. Målet med ny integreringslov er at endå fleire skal få formell kompetanse slik at vegen til varig jobb blir enklare og raskare, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.

På landsbasis var 63 prosent av tidlegare deltakarar i arbeid eller utdanning eitt år etter avslutta program.

Direktør Libe Rieber-Mohn, i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet  Foto: Beate Willumsen

– Når vi forventar at innvandrarar skal vere i jobb og forsørgje seg sjølve, må kommunar legge til rette for at dei får kompetansen det norske arbeidslivet krev. Kommunar har mykje å lære av kvarandre. Å vise fram gode verktøy og metodar som har overføringsverdi, er ei viktig oppgåve for IMDi, seier Libe Rieber-Mohn, direktør i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi).