Ventar på betre veglys

Follestaddalen grendalag ber om svar frå kommunen om straum til gatelysa.

Ber om fleire gatelys i Follestaddalen.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Grendalaget skreiv brev til Ørsta kommune i september i fjor og har ikkje fått svar. Grendalaget ønsker å få med kommunen på ein dugnad. Det blir no grave grøfter for fiber og planen er å legge rør samtidig for framtidig straum til gatelysa i Follestaddalen.

– Graving av grøfter for fiber er no i full gong, og det hastar med å få svar på om kommunen vil vere med i dugnaden på å få lagt ned rør slik gatelysa også i framtida får lys, eller om kommunen seinare vil grave ned rør til dette på eige initiativ. 100.000 vil vere langt frå nok til å dekke kostnaden av desse røra. For vi går ut ifrå at kommunen ikkje ynskjer ein mørklagd Follestaddal i framtida?, skriv grendalaget.