Ope møte

Vil unngå fleire omkampar om sjukehusa

Korleis unngå fleire omkampar om sjukehusstruktren?, er det sentrale spørsmålet når det vert invitert til ope møte i Ivar Aasen-tunet.

Rune Heggdal  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Etter lokallagsårsmøta komande tysdag inviterer Volda og Ørsta SV til ope møte om den stadige uroa rundt statlege helseinstitusjonar.

– Siste åra har vi gong på gong opplevd trugsmål om nedbygging og nedlegging av sjukehuset i Volda og Mork-senteret, seier leiar i Volda SV Ingrid Opedal og Ørsta SV Betina Haug Olson.

– Sjølv om helseministeren no har «freda» akuttkirurgien ved sjukehuset, kjenner vi oss ikkje trygge på at det ikkje kjem fleire varsel om kutt frå styret i Helse Møre og Romsdal, seier dei.

– Vi ynskjer difor å vere førebudde på nye rundar, og ikkje minst å få innspel til kva vi kan gjere for å unngå desse evige omkampane. Det burde vere unødvendig å seie at nær og trygg helsehjelp må gjelde alle, også oss i distrikta.

I tillegg til ein kort gjennomgang av historikken bak føretaksmodellen ved kommunestyremedlem Magnar Hjertenæs i Ørsta SV, er anestesioverlege Rune Heggedal frå Volda sjukehus og tillitsvald Marte Husøy frå Mork inviterte til å halde innlegg.

Heggedal har ved fleire høve markert seg som ein uredd talsperson for det han brenn for, og i 2011 fekk han leiarskapsprisen til Legeforeninga.

Han har vore leiar både før og etter helseføretaksreforma, og han har site i styret for Helse Midt.

Han har klare synspunkt på leiing, organisering og finansieringsmodellar i helsesektoren.

Marte Husøy er tillitsvald ved Mork-senteret.  Foto: Privat


Marte Husøy har lang røynsle som tillitsvald, og vil snakke om kva uro for framtida gjennom mange år gjer med dei tilsette og arbeidsmiljøet deira.

SV gjekk imot føretaksmodellen då han vart innført, og seinast på siste landsmøte vedtok ein å skrote denne.

– Eit ekstra poeng for oss er at Marit Aklestad, kommunestyre- og formannskapsmedlem i Ørsta, sit i komiteen som skal lage nytt arbeidsprogram for SV. Ho ynskjer å få innspel til dette.

– Dette er eit ope møte som alle er velkomne til å delta på. Ein treng ikkje vere verken medlem eller sympatisør i SV, seier Opedal og Olson, og håpar mange finn vegen til Ivar Aasen-tunet denne kvelden.