Her kan det verte trettisone

Til våren skal det gjennomførast fartsmålingar i Indrehovdevegen. Dette kan resultere i ei trettisone langs vegen.

Indrehovdegen: Det skal gjennomførast fartsmålingar for å finne ut om fartsgrensa bør ned. 

Nyheiter

Ørsta kommune orienterer kommunestyremedlem Caroline Rudi om dette etter ho tok opp saka administrativt med kommunen.

Rudi er spesielt oppteken av to trafikktryggingstiltak i Hovdebygda. Det er lægre fart på Indrehovdevegen, og nye gatelys på denne vegen.

Til spørsmålet om ei trettisone svarar Dag Jarle Aa i teknisk sektor at dette skal bli vurdert. Men fyrst må det gjennomførast fartsmålingar. Planen er at desse skal gjennomførast på vårparten.

Dersom konklusjonen vert at kommunen ynskjer å setje ned fartsgrensa frå 50 km/t til 30 km/t, må det søkjast løyve om dette frå regionvegskontoret.

Når det gjeld gatelys, svarar kommunen at det generelt er på gang ei utskifting av gatelysa. Tiltak i den austre delen av Indrehovdevegen ligg ikkje inne i planane per i dag, men det vil verte vurdert ved neste rullering av planen for investeringar i nye gatelys.

Rune Sæbønes