- Blir ikkje rekordflo

Rolf Langøy var på småbåthamna i Ørsta for å passe på den varsla stormfloa.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Kysten har vore på alerten det siste døgnet i samband med varsel om ekstrem høg flo. Men i Ørsta ser det ut til å gå udramatisk føre seg.

– Det er mykje å gå på før vi når tidlegare rekordnivå, seier Rolf Langøy.

Han var på småbåthamna i Ørsta ved 12-tida onsdag for å sjekke båten. Og han kunne konstatere at alt såg greitt ut.

Ved 12-tida stod vatnet opp til bommen på småbåthamna. Det var då to timar til full flod.  Foto: Svein Aam

Det er flo klokka 1408, men ifølge Langøy og andre på småbåthamna var det " minst 50 centimeter" opp til rekordnivået.

Når det i tillegg var omtrent svartstilt på Ørstafjorden, og vindretninga var gunstig, altså frå aust, tyder alt på at dette vi passere utan problem.

Og floa var heller ikkje ekstremt høg i natt, ser det ut til.