Barnas dag på Ytrestøylen

- Blir zipline og hesteriding

  Foto: Stine Akeren Bjørdal

Nyheiter

Laurdag 18. januar arrangerer Ørsta Røde Kors og Soltun Dyreklubb sitt årlege arrangement for born, Barnas Dag. Det skriv arrangørane i ei pressemelding.

Dette er 7. gongen det vert arrangert med støtte frå Gjensidigestiftelsen sin juleaksjon. Dette tilbodet er gratis for alle som ønsker å ta seg ein tur til Soltun Dyreklubb og det etter kvart vorte veldig populært.

– Vi i Ørsta Røde Kors er glade for at Barnas Dag har vorte så populært, vi er svært takksame for den støtta vi opplever i nærmiljøet og med dette arrangementet vil vi gi noko tilbake. I fjor var det fint vintervêr og då kom det 5–600 personar. Det gjekk med 700 pølser, 4–500 kakestykke og 50 liter svelerøre! Langtidsvarselet på Yr tyder på at vi ikkje får snø i år, men vêret endrar seg fort så vi satsar på at vêrgudane er med oss i år også!

Av aktivitetar vert det som tidlegare år både riding og zipline.

– Ziplinen eller taubana har vore veldig populær og det har ført til lang kø for å få prøve denne. Vi vil i år sjå om vi ikkje greier å rigge opp to taubaner slik at ungane slepp å stå i kø opptil ein time slik det har vore på det meste. På Soltun Dyreklubb er det sauer, kaninar og høns i tillegg til hestar, så born (og vaksne) får høve til å sjå desse dyra også på nært hald.

Barnas dag er eit fellesarrangement mellom alle avdelingane i Ørsta Røde Kors og Torill og Torbjørn Wollmann på Ytrestøylen.

– Hjelpekorpset og RØFF tek seg av taubana og pølsegrilling på bålpannene og Omsorg står for kaffikoking, kake og svelesteiking. Spenningsmomentet kvart år er parkeringsforholda. Er det kaldt og tele i marka er det ikkje noko problem, men viss ikkje kan vi ikkje nytte markane til parkering og då må folk rekne med å gå litt lenger. Derfor oppmodar vi dei som har moglegheit til å samkøyre med andre, om å gjere dette.