- Store deler av Sæbø sentrum vil kunne bli oversumt

Sentrum av Sæbø.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Ei kartlegging av flaum-faren i Bondalselva viser at Sæbø sentrum kan bli oversumt om det blir brot i flaumverket nedstraums Holselva.

Det er NGI som har utført flaumsonekartlegginga på oppdrag frå Ørsta kommune. Dette er gjort i samband med oppstart av områdeplan for Sæbø sentrum og bygging av ny skule.

– Modelleringsresultata viser svært høg vasshastigheit ved ekstreme vassføringar. Elvebotnen som er forma som ein kanal, kan då bli ustabil. Dette kan utgjere ein trussel for busetnad nær Bondalselva. Ved eit brot i flaumverk nedstraums Holselva, reknast med det at store deler av Sæbø sentrum vil kunne bli oversumt, heiter det i rapporten.