Publiserte e-post-adresse utan løyve

Volda rådhus.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Volda kommune publiserte den private e-postadressa til ein kommunestyrerepresentant på kommunen si eiga heimeside. Det skjedde utan løyve. No beklagar kommunen.

Kommunen har varsla den det gjeld, og forsikrar om at informasjonen er fjerna. Kommunen vurderer brotet som låg risiko, og saka vert ikkje meldt til Datatilsynet.