Får ikkje lengre skuledag

Øyra skule.  Foto: volda kommune

Nyheiter

Elevrådet ved Øyra skule har søkt Volda kommune om å få lengre skuledag. Kommunen seier førebels nei.

– Eg kan ikkje no love dykk at det blir vurdert å utvide skuledagane for at leksene skal bli gjort ferdig på skulen. Grunnen til det er at det vil koste meir pengar enn det vi har å bruke no. Skal de vere lenger på skulen, må vi ha vaksne saman med dykk som kan hjelpe dykk med leksene. Det har vi ikkje pengar til no, heiter det i svaret.