Her skal det endeleg bli betre veg

Volda Maskin AS har starta arbeidet med opprusting av Ytrehovdevegen, og vegen blir stengd.

Grusveg: Denne vegen skal endeleg opprustast. Arkivfoto 

Nyheiter

Arbeidet vert gjort på oppdrag frå Ørsta kommune. Vegen langs langs Hovdevatnet fram til Badeplassen skal oppgraderast.

–Denne vegen er ein dårlig grusveg som vi tidvis har høge kostnader med å vedlikehalde (t.d teleløysing). I oppdraget no ligg det inne at vegen skal få fastdekke, gatelys, rekkverk og fleire møteplassar, vidare skal det komme eit moderne sanitæranlegg på badeplassen som er tilpassa universell utforming, skriv kommunen på sine heimesider.

Vegen har i dag ein fartsgrense på 80 km/t på delar av strekket, dette blir no skilta på nytt til 50 km/t heilt ut til Eiksundsambandet.

– Ørsta kommune har hatt ein god og positiv dialog med grunneigarar i høve dette prosjeketet og vi ser fram til at arbeidet blir ferdig rundt ferien 2020, opplyser kommunen.

Vegen vert stengt for gjennomkøyring i byggjetida.

– Det vil alltid vere moglegheit for omkøyring, men for sikkerheita sin del så stenger vi for gjennomkøyring for køyrety og for mjuke trafikkantar der arbeid pågår, skriv Ørsta kommune på heimesida si.