Opprør mot høge ferjeprisar

(NPK-NTB) 45 ordførarar frå heile landet har skrive under på eit opprop der dei ber staten om å innføre maksprisar på ferjereiser.

Høge prisar: Ordførarar protesterer på høge ferjetakster. 

Nyheiter

Men samferdselsministeren er usamd.

Både i Nordland og Møre og Romsdal – fylka som har flest ferjesamband – har ferjetakstane auka kraftig frå nyttår. I Nordland – som har 28 ferjesamband – har prisane auka med mellom 20 og 40 prosent, fortel NRK.

Ordførar Bernt Brandal i Hareid kommune i Møre og Romsdal seier at prisane no har vorte så høge at folk må flytte.

– Staten må inn og leggje føringar. Det må setjast ein makspris for kor mykje ein kan krevje frå oss som reiser, seier han

Dei 45 ordførarane møter likevel lita forståing hos samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp). Han meiner det er fylkespolitikarane som har ansvaret, ikkje staten, og avviser at han kan leggje føringar på prisnivåa.

– Å detaljregulere korleis fylkeskommunen skal regulere takstsonene sine kan ikkje eg gjere. Når det er fylkeskommunane som har ansvaret, så må dei ta det. Det er dei som gjer prioriteringane, seier Dale.