Fleire tusen har framleis ikkje vist gyldig legitimasjon i bank

Mange nordmenn fekk i 2019 beskjed frå banken om å legitimere seg med pass eller førarkort.  Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix / NPK

Nyheiter

Ved nyttår gjekk fristen ut for å vise gyldig legitimasjon i banken. No risikerer mange å få bankkontoen sperra.

Bankane i Noreg er pålagde av finansdepartementet å legitimere kundane sine, som eit ledd i arbeidet mot økonomisk kriminalitet og kvitvasking av pengar.

Stein Vidar Loftås i Sparebank1 Nord-Noreg, seier til NRK at dei har fått sjå legitimasjonen til over 200.000 kundar, framleis manglar 10.000.

– For å unngå at kontoen blir sperra, må bankkundane komme innom sin lokale filial med kopi av legitimasjon, seier Loftås.

Bankane har frist frå Finanstilsynet ut neste veke. Sparebank1 har no starta arbeidet med å sperre kontoar. Dersom ein opplever at kontoen har blitt sperra, kan Loftås fortelje at ikkje alt håp er ute.

– Dersom du opplever at kontoen er sperra, gå innom banken og legitimer deg, så opnar vi den igjen, seier Loftås.