Tussa vil fikse det trådlause nettet ditt

  Foto: Tussa

Nyheiter

Det skriv Tussa i ei pressemelding. Gjennom programmet Wifixadet tilbyr selskapet eksperthjelp for å fikse det trådlause nettet til abonnentane.

– Korleis kan det trådlause nettet bli betre, er eit spørsmål kundane ofte stiller oss. Vi har tilbydd ulike løysingar, frå mesh-nettverk til heimebesøk. No tek vi dette eit skritt vidare, og vi kontaktar alle fiberkundane våre for å få vite om dei er fornøgde med det trådlause nettet sitt. Er dei ikkje det, vil vi gjennom programmet Wifixadet undersøke kva som kan vere årsaka til dette og foreslå ulike tiltak. Målet med programmet er å sikre ei god oppleving av det trådlause nettet i heimane til folk, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT i pressemeldinga.

Ivar Driveklepp.  Foto: Tussa

Tussa har snart 11 000 kundar på fiber, og vil kontakte kundane område for område. I løpet av 2020 skal alle kundane ha blitt kontakta. Er det nokon som treng hjelp no med ein gong, oppmodar Driveklepp kundane om å ringe kundesenteret.

– Mange har tatt kontakt med kundesenteret og fått hjelp allereie. Eit enkelt modem har avgrensa rekkevidd og kapasitet, og hos mange er det naudsynt å forsterke nettet. Til no har 10 % av kundane våre tatt i bruk Premium Wifi-løysinga vår, der eit mesh-nettverk forsterkar den trådlause dekninga i huset. Når dette blir sett opp på riktig måte fungerer det godt. Vidare har vi i samarbeid med kundane fått løyst mange av problema knytt til uheldig plassering av utstyr, rydda vekk gamle einingar som forstyrrar nettet og lagt kabel til einingar som bør ha det. Vi har også sendt ut breibandpatruljen til dei kundane som har hatt dei største problema, og undersøkt heile fiberinstallasjonen. 17 prosent av kundane har nytta seg av denne tenesta så langt, seier Driveklepp.