"Viktig melding - lytt på radio"

Sivilforsvaret testar varslingsanlegget

  Foto: Arkiv

Nyheiter

Onsdag 8. januar klokka 12.00 skal Sivilforsvaret gjennomføre test av varslingsanlegg (tyfonar).

Signalet vert gitt som tre signalseriar med eitt minutts opphald mellom seriane. Signalet betyr: Søk informasjon. Informasjon om kva som skjer og korleis folk skal forhalde seg vert gitt gjennom ulike media. T.d. radio, TV, sosiale medium m.m.

Signalet vil kunne bli brukt både i fred og krig, opplyser Møre og Romsdal sivilforsvarsdistrikt.