Lovar betre avisombering

Ventar betring: Problema med avisdistribusjonen på Sunnmøre er i ferd med å løyst. Frå venstre: Runar Vegsund, salssjef privatmarknad i Sunnmørsposten, regiondirektør Geir Follestad i Polaris Distribusjon Nordvestlandet og ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg.   Foto: Staale Wattø, Sunnmørposten

Nyheiter

- Det er sterkt beklageleg at enkelte abonnentar ikkje får papiravisa levert til rett tid, seier Hanna Relling Berg, ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten.

Sunnmørsposten og fleire lokalaviser på Søre Sunnmøre er blant 30 aviser som det siste halve året er råka av problem med distribusjonen, frå Romsdal i nord til Nordfjordeid i sør.

Årsaka er mangel på avisbod, ifølge Geir Follestad, regiondirektør i Polaris Distribusjon Nordvestlandet.

Selskapet, som tidlegare heitte Nordvest Distribusjon AS, leverer aviser, tidsskift og reklame til over 60.000 husstandar.

- Fleire av våre distributørar har slutta i haust, og vi har hatt utfordringar med å rekruttere nye bod, seier Follestad til Sunnmørsposten Smp

Selskapet har forsøkt å løyse problema, ved mellom anna å sette folk inn på doble ruter. Utan særleg resultat.

-Det er blitt vanskeleg å rekruttere avisbod. Det er ein meir krevjande jobb enn det var for ti år sidan. Jobben krev god kjennskap til IT-verktøy, samt førarkort og eigen bil. Nattarbeid er ikkje for alle, og dette er heller ikkje fulltidsstillingar, seier Follestad.

Mange av dei som har vore ryggrada i aviskorpset har gått over i andre jobbar. Distribusjonsselskapet har no henta inn nye avisbod frå Trøndelag og Nord-Noreg, og fått dekt opp alle ruter.

- Dei nye avisboda er frå Latvia og Bulgaria. Elles er det også nordmenn blant dei faste avisboda, opplyser Follestad.

Tysdag var det eit møte i Sunnmørsposten om distribusjonsproblema.

- Dei første dagane av januar har vi merka stor betring på leveringa. Vi håper problema løyser seg raskt, seier Runar Vegsund, salssjef for privatmarknaden i Sunnmørsposten-konsernet, som også Møre-Nytt er ein del av.

Sunnmørsposten (og Møre-Nytt) er eigde av Polaris Media, med hovudsete i Trondheim.

I fjor sommar vart kundesenteret for Polaris-avisene på Sunnmøre flytta til Trondheim. Dette kundesenteret svarar også Møre-Nytt sine kundar når det gjeld distribusjon og spørsmål om abonnementet.

- Vi får tilbakemeldingar frå abonnentar som reagerer på at dei må snakke med trønderar når dei ikkje får avisa, eller har spørsmål knytt til abonnementet, men det trur eg vert ei vanesak. Dei gir den hjelpa kundane treng, mellom anna hjelp til å logge seg på nettavisa, seier Svein Aam, dagleg leiar og redaktør i Møre-Nytt.

Møre-Nytt fekk mange klager på leveringa tidleg i haust.

- Det var litt for mykje problem tidleg i haust, men no håper vi det vert betre. Vi har ikkje vore nøgde med oppfølginga av klager, men det kan vi ikkje laste kundesenteret for. Problemet har vore distribusjonen, seier Svein Aam.

Han legg til at dei som ikkje får avisa må klage, slik at klagene vert registrerte og loggførte.

- Og dei som ikkje får avisa, får forlenga abonnementsperioden. Ingen skal betale for aviser dei ikkje får.