Klatrelegende opnar klatrevegg

Laurdag 11. januar kjem klatrelegenda Magnus Midtbø til Ørsta for å opne den nye delen i klatreveggen i Ørstahallen

Magnus Midtbø kjem for å kaste glans over klatreveggen i Ørstahallen  Foto: Frå facebooksida til Magnus Midtbø

Nyheiter

Midtbø har vore ein del av det internasjonale klatremiljøet i over 17 år. Han har vunne alle nordiske konkurransar han har stilt opp i dei siste 15 åra, og står med 13 kongepokalar frå NM. I tillegg har han tittelen som juniorverdensmeister, tredjeplass i World Games, fjerdeplass i VM og eit tosifra antal topp 10-plasseringar i verdscupen.

Magnus Midtbø i overheng  Foto: privat

-Når ungdomsgruppa i klatreklubben inviterer Midtbø til Ørsta, så er ikkje det eit tilfeldig val. Midtbø er ein stor inspirator for både nye og røynde klatrarar i klubben. Han er eit internasjonalt namn i klatremiljø verda over og det er ei stor ære å få Midtbø på besøk til Ørsta, står det i ei pressemelding frå klatreklubben.

I tillegg til å opne den nye klatreveggen blir det buldrekonkurranse for lokale buldrarar i alle aldrar. Her vil ein også kunne buldre med og mot Magnus Midtbø.