Bil av vegen

Nyheiter

Onsdag kveld køyrde ein bil av vegen ved Valset i Bondalen. Politiet opplyste at det var ein person i bilen og at sjåføren hadde kome seg ut av køyretøyet.

Bilen hamna på taket etter den køyrde av vegen. Ein mann i 20-åra er sendt til Ålesund sjukehus for sjekk/behandling skriv politiet på Twitter. Mannen klaga på smerter i ryggen. Trafikken på staden går som normalt.