Natur og ungdom:

– Vi krev klimahandling

Ingeborg og Ragnhild fra Volda NU 

Nyheiter

– Regjeringa må gjere som skulestreikarane har gjort over heile verda: lytte til vitskapen. Vi unge krev klimahandling, og vi krev det no.

Det seier Ragnhild Sandanger Myklebust frå Volda Natur og Ungdom i ei pressemelding.

Ho deltok på Natur og ungdom sitt landsmøte denne veka, samen med mellom andre Ingeborg Frøland Ryste.

– Verda har alt funne for mykje olje og gass til å unngå dei farlegaste klimaendringane. Å leite etter endå meir olje, i nokre av våre mest sårbare og viktige havområde i Arktis, er eit brot med vår grunnlovsfesta rett til eit leveleg miljø. Nå håper vi berre dommarane i lagmannsretten er einige, seier Ingeborg Frøland Ryste, i Volda Natur og Ungdom.

Som eit nytt satsingsområde vil organisasjonen arbeide meir med å fremje miljøvennleg fiskeri og oppdrett.

– Sjømat kan vere klima- og miljøvennleg mat, men då må det gjerast på naturen sine premissar. Vi må slutte å importere fór frå regnskogen, og legge oppdrettsanlegg inn i lukka anlegg. Då unngår vi dei store miljøproblema, seier Ragnhild Sandanger Myklebust.