Under 20.000 gjekk på kino i Ørsta i fjor

– Mange filmar skuffa i 2019. Heldigvis ser det heilt annleis ut for 2020

For første gong på fleire år nådde ikkje kinotala i Ørsta over 20.000 besøkande, men landa på 19.557.

Populær: Frost 2 var den mest sette filmen på Ørsta kino i 2019. 

Nyheiter

– Vi skulle gjerne hatt fleire innom. Absolutt. Men det har vore ein stor nedgang over heile landet, så det er nok ikkje berre vi i Ørsta som merkar det. Det skuldast nok tilgangen på filmar folk vil sjå. Mange filmar skuffa i 2019. Heldigvis ser det heilt annleis ut for 2020, seier kinosjef Janne M.G. Skarstein.