Kollisjon i Hovdebakken

  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Tysdag ettermiddag, rundt klokka 15.00, rykka naudetatane ut etter ein kollisjon i Hovdebakken ved krysset inn til Hovdebygda. Ein bil som svinga inn på Ytrehovdevegen vart påkøyrt.

Operasjonssentralen til politiet opplyser at den første meldinga frå patrulje på staden var at det ikkje var personskade. Det var ein person i kvar bil.

Begge bilane har fått materielle skader og er ikkje køyrbare. Det var dirigering av trafikken på staden, men 15.38 melde politiet at vegen er open for fri ferdsel.