IKEA sin toppleiar til Ørsta

IKEA sin toppleiar, Lars Johan Jarnheimer.  Foto: pressefoto

Nyheiter

- Det er ei sann glede å få dele med dykk at IKEA sin toppleiar, Lars Johan Jarnheimer, kjem til Næringskonferansen 2020!





Det melder Næringskonferansen Søre Sunnmøre på sine Facebook-sider.

- Jarnheimer er styreleiar for IKEA, som har vorte verdas største detaljhandel innan møbel til privatmarknaden. I 2018 aleine hadde IKEA-varehusa 838 millionar besøkande, i tillegg til at IKEA.com hadde 2,35 milliardar besøkande. Lars Johan er ein utradisjonell toppsjef. Han likar ikkje næringslivets stereotypiar, men søkjer heller det jordnære, og han refererer ofte til si bestemor gjennom «management by mormor» som døme på dei viktige jordnære verdiane. Han er ein av Skandinavias store leiarar gjennom arbeid for Tele2, H&M, SAAB, Eniro, SAS og IKEA. og til oss vil han vil fortelje om korleis dei store selskapa har fått suksess og erobra verdsmarknaden.

Næringskonferansen går av stabelen i Ørsta 26. mars.