Kjem til Næringskonferansen 2020

Kjetil Andre Aamodt.  Foto: pressefoto

Nyheiter

- Vi er utruleg stolte av å kunne presentere Kjetil Andre Aamodt som føredragshaldar på Næringskonferansen 2020, melder Næringskonferansen Søre Sunnmøre på sine Facebook-sider.

- Han er verdas mestvinnande alpinist, har vore kåra til «Årets mannlege idrettsutøvar» og har mellom anna vorte tildelt St. Hallvard-medaljen «for å ha representert Noreg på ein framifrå måte». Hos oss vil han fortelje om meistring, måloppnåing, hardt arbeid, fokus på prioriteringar og prestasjon i idretten vs. næringsliv.

Aamodt seier: «Det er viktig å ha eit killer-instinkt, for viss ein alltid skal velje den trivelegaste vegen, vil ein ikkje oppnå dei beste resultata».

Næringskonferansen går av stabelen i Ørsta 26. mars neste år.