Dei gode nyheitene først: Frå årsskiftet vert det tre ferjer i sambandet Festøya- Solavågen, og avgangar kvart 20. minutt. Den nye operatøren, Norled, har to nye ferjer under bygging, begge med kapasitet på 120 bilar.
- Det vert ein formidabel kapasitetsauke, seier prosjektleiar Thomas Pedersen i Norled.
Men det er litt startproblem. Dei nye ferjene er forseinka frå verftet i Polen. Dermed vert sambandet trafikkert av "Tidefjord " "Finnøy" og "Hardingen" frå 1. januar til mars/april.
Då kjem nye "Festøya" og nye " Solavågen", begge moderne trafikkmaskinar med både dieseldrift og elektrisk framdrift. ( hybridferjer). Ferje nummer tre vert "Tidefjord", også det ei 120-bilars ferje.
-Men et blir ikkje elektrisk drift før ferjekaiene er ombygde, og det kan ta eit års tid, seier Thomas Pedersen.