Jon Georg til næringskonferansen i Ørsta

Nyheiter

Samferdselsminister Jon Georg Dale har takka ja til å ta del på Næringskonferansen i Ørsta 26. mars.

Det går fram av eit brev som Samferdselsdepartementet har sendt til næringssjef Odd Magne Vinjevoll.

- Dale vil gjerne delta på konferansen. Det er fint om de kan sende meir informasjon så snart de har det, skriv Bjørg Sæther i statsrådseksjonen i departementet.

Næringskonferansen er eit resultat av planlagt strategiarbeid ved næringskontoret i Ørsta, der målet er å skape eit attraktivt samlingspunkt for næringslivet i regionen. Dette er gjort for å stimulere til nettverksbygging og eit tettare samarbeid på tvers av bransjar, der resultatet skal verte auka kunnskap om bedriftene i sunnmørsregionen.

Konferansen har vore vellykka arrangement der også mange høgt profilerte personar har teke del.