Trafikkulykke ved Rindane

E39 i Rindane open for trafikk

Briing-trailer utfor vegen i Rindane.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Like før klokka 12.00 melde politiet på twitter at E39 er opna for trafikk igjen, etter å ha vore stengd i om lag to og ein halv time.

Vegen vart stengd for trafikk klokka 09.30, på grunn av arbeidet med å få ein Bring-trailer opp av grøfta. Traileren hadde ei last på heile ti tonn.

-Vi veit ikkje årsaka til ulykka, seier skadestadsleiar og politibetjent Odd-Arve Brynjulfsen.  Foto: Svein Nordal



Politiet fekk melding om ulykke klokka 04.47, og politiet la ut denne meldinga: "Brannvesenet melder at køyretøyet er utanfor vegen, stein og mold i vegbana og vegen er stengt, ein person har moderate skader, storbilberging rekvirert frå Stryn.".

Og seinare på morgonen kom denne meldinga: : "Etter ei vurdering frå bergingsselskap, ser det ut til at det er behov fleire bergingsbilar. I påvente av det, vil politi og brannvesen dirigere trafikken forbi".

Bring-traileren - med ei last på ti tonn - i grøfta i Rindane.  Foto: Svein Nordal

 

I Rindane er det ingen omkøyringsmoglegheiter, men trafikken som skulle til ålesundsdistriktet måtte køyre via Eiksundsambandet og Hareid.

To bergingsbilar frå Stryn hadde ein stri tørn med å lirke den tunge traileren opp på vegen igjen.

-Vi veit førebels ikkje noko om årsaka til utforkøyringa, eller om det var glatt på vegen då ulykka skjedde. Men slike bilar har ein detaljert datalogg, der det mellom anna går fram kva fart bilen hadde, seier skadestadsleiaren, politibetjent Odd-Arve Brynjulfsen. Som reknar med at det kan gå ei veke før årsaka til ulykka er klarlagt.