150 turna jula inn i Ørstahallen

– Eg kunne ikkje ha vore meir stolt over alt vi har fått til

150 turnarar inviterte til juleshow i Ørstahallen for å vise fram alt dei har lært dei siste månadene.

God sprett: Ei høgtflygande Julie Hoslvik Øye, godt passa på av Marianne Hauge Kriken (t.v.) og Rita Slotterøy (t.h.).   Foto: Monika Barstad Rebbestad

Nyheiter

Turngruppa vart starta opp like før sommaren, og i dag er det 150 turnarar med i gruppa, i tillegg til ein stor gjeng engasjerte foreldre og trenarar, med Caroline Bentzen som hovudtrenar.