Ber kommunestyret søkje statleg finansiering

Ørsta kan kome til å søkje staten om å vere med i prøveordninga med statleg finansiering av omsorgstenestene.

Ørstaheimen: Kommunestyret vert bedne om å søkje statleg finansiering. 

Nyheiter

Det er rådet for likestilling av funksjonshemma som ber kommunestyret vurdere dette i samband med budsjetthandsaminga.

Det var Anbjørn Steinholm Frislid (Frp) som sette fram forslaget, og som vart samrøystes vedteke.

Mellom anna har eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug (Frp) oppmoda kommunane om å søkje deltaking i prøveordninga.

Rådet for likestilling av funksjonshemma ber elles kommunestyret under handsaminga av budsjettet om å vere merksame på konsekvensane for utsette grupper.

«Rådet ber difor om at kommunestyret ved budsjetthandsaminga i desember også tek med seg blikket på einskilde brukargrupper, som t.d. dette med fysioterapitenester, at ein kan halde barnetrygda utanom andre ytingar frå Nav, og at ein ser på korleis transporttenestene i kommunen eventuelt kan organiserast på annleis måtar», heiter det i vedtaket frå rådet.

Forslaget var sett fram av Hjørdis Almelid Vikenes (KrF).