Det går fram av eit brev frå Justis og beredskapsdepartementet til Volda kommune. Brevet er sendt i samband med ein uttale frå Volda kommune i samband med endring av domstolstrukturen.
Vil leggje ned jordskifteretten i Ørsta og tingretten i Volda
Domstolskommisjonen foreslår at jordskiftretten i Ørsta vert lagt ned. Til liks med Søre Sunnmøre tingrett i Volda.
Det er knytt lokal uvisse til den framtidige organiseringa.
– Vi understrekar at forslaga til ny domstolstruktur er Domstolkommisjonens faglege tilrådingar. Regjeringa har ikkje teke stilling til korleis forslaget skal følgjast opp. Det vil ikkje bli gjort endringar i domstolsstrukturen før utgreinga har vore på høyring, slik at alle berørte aktørar vil få høve til å uttale seg. Eventuelle framlegg til strukturendringar vil bli lagt føre Stortinget, skriv departementet.