4. desember: Daníel Örn

– Vi har 13 julenissar på Island. Og i 13 dagar før jul set vi ein julesko i vindauget

Daníel Örn kjem frå Island og har budd i Ørsta i 10 år.

Daníe Örn kjem frå Island og har budd i Ørsta i 10 år. Han deler sine juletradisjonar i Møre-Nytt sin julekalender.  Foto: Oddhild Harman

Eg trur eg fekk potettraume, faktisk er eg framleis ikkje spesielt glad i potet

Nyheiter

– Vi har 13 julenissar på Island. Og i 13 dagar før jul set vi ein julesko i vindauget, ein til kvar av nissane. Nissane har forskjellige namn, ein av dei heiter Gryteslikkar. Til han set vi fram ei gryte med matrestar. Ein annan nisse elskar stearinlys og derfor gir vi han det. Nokon av nissane stel, men ikkje alle. Om vi får noko tilbake spørst på om vi har vore snille eller ikkje. Ein kan få litt godteri, mandarin eller leiker. Men har du vore slem, får du ei rå potet.