Barnehagar i Volda

-  Kan spare 20 mill på nybygg i Sollia       

Foreldregruppa ved Sollia barnehage meiner kommunen sparer pengar med å bygge ny barnehage i Sollia, heller enn å legge ned.

Sollia barnehage i Volda  Foto: Svein Aam

Nyheiter

I budsjettframlegget går formannskapet inn for å legge ned Sollia barnehage, som ein del av ei strukturering. Denne løysinga inneber kommunal overtaking av Bratteberg barnehage, og ei styrking av tilbodet der. På denne måten håper kommunen å spare 2,2 millionar kroner i året i driftsutgifter.

Men foreldra til borna på Sollia barnehage meiner det klart beste alternativet er eit nytt, felles, bygg for Sollia og Oppigarden barnehagar på felles tomt, der barnehagane er plassert i dag.

-Dette er best for dagens born og framtidas born. Det er best for Volda kommune og Volda sentrum, skriv foreldra i eit høyringssvar.

Foreldregruppa har vore i kontakt med «veletablerte, nasjonale leverandørar av barnehagebygg», som har sett ein pris på rundt 20 millionar kroner for eit nytt bygg i Sollia. Dette er halvparten av det kommunen reknar med å betale for Bratteberg barnehage

-Å bygge nytt for Sollia/Oppigarden frigjev altså kring 20 friske millionar i kommunale investeringsmiddel som kan nyttast i driftsbudsjettet, til symjehall, kulturhus, brannstasjon i Hornindal m.m. slik kommunestyret finn det best, står det i høyringssvaret.

Eit anna argument for å halde oppe drifta ved Sollia er det gode tilbodet som personalet gir, påpeikar foreldregruppa.

-Takka vere ei fantastisk personalgruppe som står på for barna i eit utrangert bygg, opplever foreldra glade, trygge og nøgde barn i vårt møte med Sollia barnehage, skriv dei.

Dessutan meiner foreldra at det er viktig å ha barnehagar nær sentrum, Høgskulen og Sjukehuset.

-Foreldregruppa i Sollia barnehage vil spele inn at god barnehagekapasitet nær dei store arbeidsstadane er avgjerande for at Volda skal vere ein attraktiv bustadkommune for barnefamiliar. Med omsyn til kvardagslogistikken i familiane er det vesentleg viktigare at barnehagen ligg nær arbeidsstaden eller ved pendlevegen, enn at den ligg nær heimen, skriv dei i høyringssvaret.