Den nye vegen er ferdig

Ny veg i Hovdebygda er ferdig, melder Ørsta kommune.

  Foto: Ørsta kommune

Nyheiter

- Dei siste månadane har det vore ein del endringar på køyremønsteret i Indrehovdevegen i samband med bygging av ny veg. Den nye vegen er no ferdig og Indrehovdevegen vart med dette lagt om med nytt kryss inn på Ytrehovdevegen tidlegare denne veka.

Det gamle krysset vert fysisk stengt og skal no etter planen ikkje opnast igjen, opplyser kommunen.

- No står det igjen litt mindre arbeid rundt vegen, oppsetting av skilt og opprydding. Noko av finpussen vert tatt igjen når det vert forhold til dette til våren. Framover mot jul vert det jobba med å kople på husstandane langs Indrehovdevegen på ny vassleidning som er lagt i området. Det vil difor verte litt arbeid langs vegen også i denne perioden og vi ber forbipasserande om å vise omsyn til dette.

Ferdigstillinga av prosjektet har teke litt lenger tid enn rekna med i sluttfasen. Samstundes med bygging av ny veg er det også lagt ei ny hovudvassleidning i området. Dei nye vassleidningane er lagt for å kunne ligge i 50- 100 år framover.

- Kvalitetskrava er difor svært strenge når desse skal godkjennast og har tatt litt tid å få på plass. Ørsta kommune takkar for tolmodet de har vist i samband med anleggsperioden og ser fram til at ein no kan ta i bruk anlegget som vil auke trafikktryggleiken for både gåande og køyrande langs skulevegen Indrehovdevegen.