Arne Ola Grimstad skriv om barndomen

Over seksti epistlar har Arne Ola Grimstad skrive om oppveksten på Hareid. No ligg dei samla i bok. Og berre så det er klart: Alt er sant.

Bok: Min barndoms dal er forfatta av Arne Ola Grimstad. Strekteikningane er laga av kameraten hans Jogeir Gjerde. Boka kjem på eige forlag. 

Nyheiter

– Eg kan med handa på hjartet seie at ikkje ein einaste epistel i denne boka er oppdikta. Dette er sjølvopplevd. Fantasien vår var meisterleg, og då kunne resultata verte nær fantastiske, seier Arne Ola og smiler.