3. desember: Jaiya Tongsamer Sigdestad

– Den første kvite jula eg opplevde var som eit eventyr. Då eg såg snø for første gong, kunne eg nesten ikkje puste

Jaiya Tongsamer Sigdestad frå Thailand har budd i Volda i 17 år.

Jariya Tongsamer Sigdestad frå Thailand har budd i Volda i 17 år. Ho deler sine juletradisjonar i Møre-Nytt sin julekalender.  Foto: Oddhild Harman

Nyheiter

– Vi har ikkje julefeiring i Thailand, sidan vi er buddhistar. Men på grunn av turisme brukar vi å pynte litt med plastjuletre og det blir kanskje spelt julemusikk på shoppingsenter og i turistområde. Då eg først kom til Noreg og skulle feire jul for aller første gang, synest eg det var spennande, og eg gleda meg til å sjå eit ekte juletre. Det var så stort det første året, å sjå både ekte juletre og ekte snø. Det beste med juletreet er lukta, det luktar så godt.