Opnar akuttkirurgien i helgene

Alt klart for driftsendring som betyr betre helgetilbod

Volda Sjukehus  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

I dag har kirurgane i Volda ei vaktordning for inneliggande pasientar i helgene. Klinikken har opna for at legane i denne vaktordninga kan behandle akuttkirurgiske pasientar på helg, for å betre utnytte ressursane, skriv Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding.


Rapport om helgastenging ved Volda sjukehus:

– Kan spare millionar på akuttkirurgi i Volda også i helgane

Når Volda sjukehus har helgastengt akuttkirurgi, aukar presset på Ålesund. Og det kan vere millionar av kroner å spare på å avslutte ordninga.


- Kapasiteten ved operasjon og sengepost i Ålesund er belasta, og målet er at opninga på helg skal føre til betre ressursbruk og betre pasientbehandling ved begge sjukehusa, seier konstituert klinikksjef Ingrid Vasdal.

Samarbeidande fagområde har no gjort nødvendige tilpassingar i samband med driftsendringa. Akuttkirurgien opnar frå 16. desember, og helseføretaket skal evaluere konsekvensane av driftsendringa før 2022