"Ekstrem skredfare på Sunnmøre"

Varsom.no varslar stor skredfare på Sunnmøre. Yr.no varslar raudt farenivå for skred.

Skredfare  Foto: varsom.no

Nyheiter

Måndag 2. desember varslar varsom.no faregrad 3, og dette aukar til faregrad 4 på tysdag, på ein skala som går frå 1-4.

Yr varslar raudt farenivå - ekstrem snøskredfare.

For måndag skriv varsom.no: Snødekket er vurdert å vere komplekst måndag med nedsnødd rim og kantkorn som viktigaste skredproblem. Det er svært vanskeleg å kjenne att, men ver obs på fareteign som drønn og skytande sprekke. Det vil framleis vere ustabile nysnøflak i nokre heng som lett kan verte påverka av ein skiløpar. Nokre skred kan også losne natruleg. Ver merksam på stigande temperatur og vinddreining mot kvelden.

Tysdag: Kraftig temperaturstiging og regn til fjelltopphøgde aukar sjansen for mange naturleg utløyste skred utover dagen. Skredfaren vil vere høgast når snødekket vert vått, og varierer difor med høgde og avstand frå kysten. Skreda kan losne både som flakskred eller laussnøskred, avhengig av snøoverflata. Nokre vegar kan også vere utsett.

Les meir på varsom.no.