2. desember: Rudina Robertsen

– Alt som hadde med religion å gjere var ulovleg, kyrkjer og moskear vart enten øydelagde eller gjort om til husrom for dyr

Rudina Robertsen kjem frå Albania og har budd i Ørsta i 26 år.

Rudina Robertsen frå Albania har budd i Ørsta i 26 år. Ho deler sine juletradisjonar i Møre-Nytt sin julekalender.  Foto: Oddhild Harman

Folk har blitt fengsla for å gjere det same som eg gjorde den gongen då eg skapte mitt første juleminne

Rudina Robertsen
Nyheiter

– Eg har ikkje vokse opp med juletradisjonar i det heile tatt. For då eg vart fødd i 1967 i Tirana i Albania, var det den verste tida for all type religion og tru på grunn av kommunistisk styre i landet. Alt som hadde med religion å gjere var ulovleg, kyrkjer og moskear vart enten øydelagde eller gjort om til husrom for dyr. Bilete og kunst vart brent. Prestar vart sendt i fengsel, ja alle som ville vedkjenne seg ei religiøs tru vart fengsla for det. Derfor opplevde eg ikkje juletradisjonar, sidan jul er ein kristen tradisjon.