Heile Hovdebygda samla seg for julegrantenning

Tende julegrana for første gong

Julestemning: Søndag samla hovdebygdarane seg for å sjå at kom lys i julegrana.  Foto: Joachim Kroken Åsebø

Nyheiter

Det strøymde til folk frå alle kantar i Hovdebygda då julegrana skulle tent for første gong søndag. Julegrana har blitt plassert ved krokket-bana og med snø både på bakken og i lufta var det nok mange som kjende litt på julestemninga. Hovdebygda har ikkje hatt ei julegran tidlegare. I bygda er det fleire som har lufta i ideen og det er mange som bidrege til ekstra julehygge.