Tradisjonsrik julegrantenning i Ørsta

No er det lys i julegrana

"Vi svinger oss i kretsen og neier - og bukker": Mange gjekk rundt julegrana i Ørsta søndag og song "O jul med din glede". 

Nyheiter

Det var ingenting å seie på julestemninga ved Haldeplassen i Ørsta søndag ettermiddag. Ørsta Hornmusikk stilte tradisjon tru opp og spelte julemusikk for dei frammøtte. Med snø på bakken og litt i lufta mangla det berre lys i julegrana. Til tonane av "O jul med din glede" og song frå dei som gjekk rundt juletreet vart grana lyst opp.