Markerte overgangen frå Hornindal til Volda med festgudsteneste

- Dette er ein spesiell dag

Festgudsteneste: Søndag var det festgudsteneste i Hornindal kyrkje. Bak f.v. Sølvi Dimmen og Stig Olav Lødemel. Framme f.v. Hege Høibye (sokneprest i Hornindal), biskop Halvor Nordhaug , biskop Ingeborg Midttømme og den nye soknepresten i Hornindal, Austefjord og Storfjorden Per Kristian Hovden Sætre.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

1. januar 2020 vert Hornindal og Volda kommunar offisielt ein ny kommune. Dette får også konsekvensar for kyrkjelydane. Hornindal sokn går frå å vere ein del av Bjørgvin bispedøme og Nordfjord prosti til å vere ein del av Møre bispedøme og Søre Sunnmøre prosti. Første søndag i advent markerer starten på eit nytt kyrkjeår. Søndag var det invitert til festgudsteneste i Hornindal kyrkje for å markere det nye kyrkjeåret og overgangen som skjer ved nyttår.